Alle innbyggere i Sveio skulekrins er automatisk medlem i Sveio Bygdelag.
På årsmøtet blir det vald medlemmer til styret blant alle medlemmer, møtet er åpent for alle og blir annonsert i Vestavind.
Starten på ei ny tid
Dei ulike velforeiningane i Sveio sentrum og omegn merka seg i 2007 at det vart stifta bygdelag i dei ulike krinsane i kommunen. Eit slikt bygdelag hadde ikkje Sveio sentrum. Samstundes opplevde Sveio sentrum ei rivande utvikling både med tanke på bustadbygging, bygging av offentlege bygg, samt private næringsbygg.
Håkon Skimmeland og Lin Hege Enge tok initiativ til å starta opp eit felles lag for alle velforeiningane som er i og rundt Sveio sentrum. Det viste seg å vera eit godt forslag. På bakgrunn av dette, vart Sveio bygdelag stifta den 27. November 2007. Det vart vald eit styre, beståande av representantar frå Bjelland, Sveioåsen, Sentrum, Fjellstad og Krossleite.
I vedtektene til bygdelaget er det lagd fram at Sveio bygdelag er ein allmennyttig og demokratisk samanslutning som skal arbeide til beste for alle innbyggjarane i Sveio sentrum og omegn. Bygdelaget skal arbeide for trivsel, tryggleik og ei positiv utvikling for heile bygda. Me meiner det er viktig å ha ein uavhengig organisasjon etablert i Sveio sentrum, som kan følgje med i utviklinga i nærområdet, fremje folket sine meiningar og behov.
Ope Landskap
Sveio kommune har invitert alle bygdelaga i Sveio til å vera med på ein prosjektkonkurranse kalla "Opne Landskap". Sveio Kommune oppfordra Bygdelaga med dette utspelet - "Landskapet gror att og Sveio kommune vil setja søkjelys på kva vi kan gjere for å halde landskapet ope. Føremålet er å leggje til rette for oppleving, trivsel og nytt, og at kommunen presenterar seg på ein god måte”.
Sveio bygdelag har fått i stand avtale med ein av grunneigarane i sentrum, samt Sveio kommune. Avtalane gir bygdelaget rett til aktiv skogpleie og vedlikehald i eit større skogområde langs med Vigdarvatnet. Arbeidet blir gjort i samråd med skogsjefen for Sveio kommune. Me hadde i 2009 5 dugnadar, og fleire vil bli arrangert i løpet av året som kjem. Området Sveio Bygdelag har fokusert på i denne omgangen, er området frå krysset RV47 og ned til parkeringsplass ved kyrkjegarden og pumpehuset. Me ynskjer at Sveio Sentrum skal bli meir synleg for forbipasserande, og samstundes laga betre utsikt for turgåande og fastbuande.
Nyttårsfeiring
Det har no blitt mykje strengare krav til å sende opp fyrverkeri. Og Sveio bygdelag tok i 2008 initiativ til å arrangere ei felles oppskyting av fyrverkeri. Me leigde inn ein profesjonell pyro-tekniker (Fredrik Meyer Vangsnes) som tok seg av dette på ein sikker og stilfull måte. Fyrverkeriet vart sponsa av lokale bedrifter. I 2009 kom det ikkje inn nok midlar.
Det har kome gode tilbakemeldingar på initiativet. For at dette skal kunne vere aktuelt no i 2010, treng me fleire som er interessert i å sponsa arrangementet. Og oppfordrar allereie no å ta kontakt med oss om du kan tenkje deg å bidra. Mange små beløp blir tilslutt mykje. Så om alle hjelper litt, så vil det bli eit flott fyrverkeri neste feiring.
Julegrantenning
Sidan 2008 har me hatt ansvar for tenning av julegrana i Sveio Sentrum før jul. Dette er eit prosjekt me likar å arbeide med og i 2009 videreutvikla me det til å ha eit utandørs julemarked under arrangementet, noko som vart veldig godt mottat. Me vil vidareutvikle dette prosjektet i åra som kjem.
Grasrotandelen
Norsk tipping har no satt i gang ein kjempeinnsats for at små lag og organisasjonar kan få økonomisk støtte på ein enkel måte. Frå 1.mars 2009 kunne du som spelar hos Norsk tipping velje eit lag eller foreining som skal motta 5 prosent av det beløpet du spelar for. Sveio Bygdelag har registret seg i frivillighetsregisteret og er blitt godkjent som Grasrotmottaker. Det er veldig viktig at du som spelar/tippar lotto eller lignande støttar ditt lokale Bygdelag. Støttar du oss, kan du hjelpe oss til å få økonomi til å gjennomføre prosjekta me har. Spelar du for 100 kroner, får Sveio Bygdelag 5 kroner frå Norsk Tipping. For å støtta Sveio Bygdelag kan du sei i frå til din tippekommisjonær (Der du leverer inn kuponger) at du vil støtte Sveio Bygdelag i Grasrotandelen, organisasjonsnummeret til Bygdelaget er 892 591 512.
Styret
Tore Fykse ( leiar ) tlf 990 28 477
Lin Hege Enge ( kasserar )
Siren Kråkenes
Håkon J. Skimmeland
Hildur Larsen (fungerende netleiar )
Mikal Liknes
Aslaug Kinn
Marthe Olesdatter Sveen Kallevik (sekretær )
Martin Brandt Nielsen
No comments:
Post a Comment