Saturday, January 10, 2009

Første arrangement i vår regi

Tenning av julegran i Sveio Sentrum
30.November 2008 kl 16

Det vart skikkelig julestemning i sentrum når julegrana skulle tennast i 2008. Sveio Skulekorps spelte opp med julemusikk og nissen kom med hest og kjerre, det gjekk mange liter gløgg til alle som møtte opp. Me fekk gått rundt julegrana når lysa var tende av Ordfører Jorun Skåden og det vart mykje flott julesong.
Årets skattejakt fekk ein litt ny variant kor 4 gåver vart gjøymd hos 4 hemmelege personar i blant dei framøtte. Tore Fyske leia showat og gav ut fleire hint til publikum, som f eks at ei dame med rødt skjerf, man med svarte klede. Alle gåvene kom til rette og premiane var mellom anna 4 billetar til Teaterforetillinga Naria og eit årsabbonement på Vestavind.
Fakkeltoget til skulen og tilbake vart leia an av nissen og hesten hans.

Dersom nokon har bilete frå kvelden så vil me gjerne ha nokre som me kan legga ut her i bloggen vår. Send dei i så fall på mail til torefykse@epost.no .

Premiane var sponsa av Vestavind, trykk av plakatar vart sponsa av Embla Reklamebyrå.

No comments: