Saturday, January 10, 2009

Nyttårsarrangement 2008

Sveio Bygdelag tok i år initiativ til å arrangere ei felles oppskyting av fyrverkeri, der vi leigde inn en profesjonell pyro-tekniker som tok seg av dette på ein sikker og stilfull måte.

Pyro-tekniker Fredrik Meyer Vangsnes fra MeyerPro har gode referanser, og har mellom anna gjort jubileumsfyrverkeri på Skudefestivalen 2002 og 2007, Nyttårsafta 99-00 i Aksdal, åpning av julegate på Husnes i år av lokale ting, og fleire arrangement ellers i landet. Meyer Pro er ein del av Rosenborg Pyrotekniske.

Oppskytningina var frå Mannaberg midnatt og vi fekk sjå flotte bomber og nydelege fontener i dei første minutta inn i 2009. Det vart oppfordra til å samlast ved kyrkja i sentrum for å sjå dette saman. Ein fin liten gjeng møttes og fekk nyte synet.

Det varte ikkje mange minuttane men det var berre starten på noko me håpar skal vekse frå år til år. For å få dette til er me avhengige av sponsorar og i år var vi så heldige at Meyer Pro sponsa sjøl halve showet, og andre sponsorar var Rørlegger Thuestad, Frøvik Elektro, Boligbyggeren og Sveio Sparebank denne gongen.

Nyttårsfeiringa 2009 har me betre tid til å planlegga og skaffa sponsorar til så me håpar det skal bli meir då.

Tusen takk til alle oppmøtte for ei flott feiring av det gamle og nye året saman. Ynskjer alle eit godt 2009!

No comments: